Slik gjekk det der…

I pågåande planarbeid for ny kollektivterminal på Bandadalsplassen i byen vår, kan det vera ein ide å merka seg kva som hende i den engelske byen Hanley i 1976. I boka «Tusen tabber» vert det fortalt at lokale styresmakter  bestemte at bussane ikkje lenger skulle stoppa ved haldeplassane og ta opp passasjerar, ettersom dette medførte at ein ikkje klarde halda rutetidene…

Nokre  gode ordtak å ta med inne i helga:

– Høgt henge di og sure e di, sa reven, han såg  raunebero på tree’.  
– Da e’ kje halte man so’ gløyme staven sin.
– Sjå ut når gamle hundar gøyr.
– Gamal vane e’ vond å venda.
– Da e nerk i godt drikka.

Så nokre ord som var på veg or stordamålet  alt for 60 år sidan,

Fjatl = ein som heftar seg lenge med småting, tasar og pratar.
Fjølhogg = tverrliggjande hoggestabbe
Fli seg = vaska og byta på seg
Foka = hastverk, hattafoka
Fomla = famla, somla