På seinhausten 1981 overtok Oma Slipp AS Leirvik Mekaniske verkstad sin lokalitetar, med slipp, i «ytre» Hamnegata ved innseglinga til Leirvik. Over i 1982 kunne Oma føra første slippsettinga til protokolls, og sidan har det vogna på skjener jamt hatt ein westamaran eller ein oppdrettsbåt som last. Nyleg var snøggbåten «Tranen» gjest på slippen og vart innført i manntalet som landsetting nummer 3500.
– Ein milepåle absolutt verd ei markering, meinte Oma Slipp AS, og stilte onsdag med «Kvit Dame» til dekka bord i salongen, medan båt og mannskap hadde pause ved Nattrutekaien mellom to ruterundar. Det var tid for utveksling av gode ord. Frå dagleg leiar av slippen Oddvar Oma til kvartetten om bord for godt samarbeid og godt kundeforhold. Ein av Norled sine hurtigbåtar jamt å sjå ved kai, eller på land ved verkstaden. Nett no er ombygging til rein el-drift ein del av dei større oppgåvene for Oma.
– Imøtekomande og dugande fagfolk på Oma Slipp, som «hiv seg rundt» for å hjelpa om problem eller skade oppstår, takka kaptein Rune Møllerhaug i retur.