Manger vakre motiv når væta frys

Det har ikkje snødd, det er berre fukta i treverket som har frose til overflata i «fast form». (Foto: Steinar Hystad)

I kuldeperioden me har vore inne i, har me i tillegg til naglabet og øyra-ising og den slags, fått servert mengder av vakre motiv i naturen og i byen.  At det legg seg tjukt lag rim på bøen eller benkar eller terrassar når det kjem nok minusgrader, er stadfesting på at me har mykje væte i  lufta her vest.

Kva prosess   som går føre seg, forklarar «allvitaren»  Wikipedia på denne måten:

«Rim eller frost er eit resultat av deposisjon av vassdamp i metta luft eller at vassdamp kondenserer til vassdropar som så frys til is. Viss lufta nær ei flate eller ein lekam kjem under frysepunktet, vil vassdampen i lufta fryse direkte til is når den kjem i kontakt med overflata. Storleiken på iskrystallane er avhengig av tid og kor mykje vassdamp som er tilgjengeleg.

Rim oppstår oftast på lekamar med låg spesifikk varmekapasitet og lekamar med stor varmeutstråling. Av og til oppstår det berre rim på delar av bakken, og det kjem delvis av små høgdeskilnader. Fordi kald luft er tyngre enn varm luft, vil den kalde lufta samle seg ved overflata under rolege vêrforhold. Dette er kjend som ein temperaturinversjon. Dette forklarar kvifor rim oftare oppstår i lågtliggande område som dalar og søkk i naturen.

Når rim oppstår på innsida av vindauge tyder det ofte på låg relativ fukt i lufta på innsida, elles ville vassdamp ha kondensert til små dropar på ruta og så frose til klar is.»