Korleis kan musikk vere ein helseressurs i kommunane?

Stord demenskor under leiing av Hannah Hillersøy Resser og John-Inge Rolfsnes hadde si første øving i september 2023. Fredag 19. januar vert kunnskap og erfaringar om korleis musikk kan bidra som helseressurs delt på eit seminar i Bergen. (Foto: Stord kommune)

Det skal konferansen om musikk og helse på Vestlandshuset i Bergen 19. januar svare på. Her skal forskarar, leiarar og andre fagfolk deler kunnskap og erfaringar om korleis musikk kan bidra som helseressurs, spesielt retta mot eldre. Det er Vestland fylkeskommune som melder dette på sine heimesider.

– Vi får høyre litt om kva nytte musikken har i samfunnet vårt, mellom anna som førebyggjande, rehabiliterande og behandlande tiltak. Korleis kan vi leggje til rette, og kva moglegheiter og utfordringar det er knytt til dette, seier, Jacob Nødseth, hovudutvalsleiar for kultur, idrett og inkludering, som opnar konferansen.

Les heile saka hos Vestland fylkeskommune.