Trommisen i pålen…

Trommis Hakkespett heldt konsert i pålen. (Foto: Steinar Hystad)

Ein kan bli meir enn imponert over styrke i nebb og nakke hjå den fargerike flaggspetta, når fuglen driv på med den store hobbyen sin.  For det er ikkje rein matauk  flaggspetta driv på med når ho set seg på ein påle og byrjar jobba på denne årstid. I fagomtale av spetta les me:

«Hakkespetten pleier å “slå på trommer” allerede på slutten av vinteren, dette kan være et av de første tegnene på at våren kommer. De trommer på døde kvister og trær og noen ganger på lysstolper for å lage lyd som viser at det er reviret deres.Parene bruker dette også for å kommunisere med hverandre, begge kjønn kan tromme, men hanner gjør det mye mer enn hunner.»

Så skulle du høyra ein rytmisk grei og kjapp trommesolo på neste tur i skogen, eller under ein el-påle, er det berre å nyta  lyden og den fargefine fuglen.