Sesongstart med Nyttårstur

Nyttårsturen hadde start frå Vabakkjen. (Foto: Steinar Hystad)

62  turglade og varmt kledde turvener, skreiv seg «gjesteboka» på Vabakkjen onsdag morgon, før kursen vart sett mot  Landåsvatnet og ein runde i skogen der. Det vanleg i ein del år har vore å leggja sesongstarten rundt Ådlandsvatnet, men på den vegen var det framleis for mange  glatte pari. Nyttårsturen er startskotet for ei rekkje fellesturar, nett kvar dei går og kva dag, er lista greitt opp på Stord Fitjar turlag si heimeside.

For dei som vil halda seg «Aktive til 100» startar tilbodet opp torsdag 11. januar med tur frå Heiane (inngangen ved Skjehaugsvatnet) til  gapahuken i Skjephaugen. Måndag 15. januar er det fellestur frå Vaskeriplanet  inn til gapahuken ved Hustrudalsvatnet og torsdag 18. januar er det tur frå Møllebruo til gapahuken i Stuvikjo. Turguidar startar kl. 10.30. Ein kan starta tidlegare og gå i eige tempo, tipsar turlaget.