Ønskjer meir  «synleg» kontrollutval

Stord Rådhus (Illustrasjonsfoto: Steinar Hystad)

Kontrollutvalet i Stord gjennomførte i førre valperiode evaluering av drifta av sitt eige utval, og kom med forslag til ei viss oppgradering.

Det spesielle med kontrollutvalet, er at det er fylkeskommunen som har sekretariatfunksjonen. På fylkeshuset vert saklista sett opp, ein utsending derfrå er med på møta som referent. Kontrollutvalet sine møte ligg ikkje ute på oversynet saman med  innkalling og referat frå ande politiske utval og råd i Stord kommune. Akkurat dette kan kontrollørane sjølv tenkja seg ei endring på. I eit forslag, heiter det:

«Kontrollutvalet ønskjer at utvalet vert meir synleg på kommunen sine heimesider, dette ved at  møtedatoar, innkallingar og protokollar blir å finna i same oversynsskjema som der  en finn andre kommunale utval»

Kontrollsjef i fylket Hogne Haktorsen,  peikar i ein kommentar  på at dokumenta til kontrollutvalet blir produserte i fylket sitt datasystem, men at det likevel kan gå greitt å få innkallingar m.m. innlagde møtekalenderen for Stord. Det blir vist til  m.a.  Ullensvang og Samnanger kommunar, som har slike ordningar.