Komande fredag, 12. januar, arrangerer Norsk Folkehjelp Sunnhordland og LO Sunnhordland støttekonsert for krigsramma barn i Gaza. Konserten er ei solidaritetsmarkering i regi av kulturmiljøet i Sunnhordland og fleire engasjerte forfattarar og musikarar opptrer for å auka kunnskap og merksemd om krigen i Gaza og alle uskuldige barn som er ramma.
Arrangementet finn stad i Storsalen i Stord Kulturhus klokka 19:00. Kvar einaste av dei 200 kronene ein inngangsbillett kostar går til Norsk Folkehjelp sitt arbeid for krigsramma barn i Gaza.
Følgane forfattarar og musikarar opptrer: Atle Hansen, Roald Kaldestad, Truls Horvei, Per Jan Ingebrigtsen, AoW, mMokkat, Stord gitartrio (Einar Steinkopf/Tom Stien/Åsmund Espeland), Åge Vallestad, Jørgen Sandvik, Endre Olsen, Ragnhild Kambo Grov, Hans Sande, Nils Horn med band, Kelterson med band, Einar Økland, Hestehandlarane, Irene Simonsen, Corona, Gunnhild Aadland Rolfsnes med Åsmund Espeland, John-Inge Rolfsnes, Lykte (Gunnhild Aadland Rolfsnes og John-Inge Rolfsnes), Torleiv Agdestein, Sandra Linnea Lindwall, Shahed Eshmawi og Susan Hassan Abdallah