Dåtidas «facebook»

Foto av ei side i  boka «Posten i Fitjar», som inneheld ei rik samling av postkort..

Reint teknisk var det ikkje farten som prega den mellom-menneskelege kommunikasjonen for hundre og endå fleire år sidan.  Men  viljen og lysta til å halda kontakten utad, og fortelja biletleg korleis små og store hending vart feira og markert, ja den var absolutt likt til stades som i vår raske fjesbok tid. Postkort, var  svaret  på dåtidas «facebook».  I boka «Posten i Fitjar» har skrivarane  Ingmund Bjordal og Magnar Kloster teke med eit særs interessant avsnitt i så måte:

«Frå 1883 kunne ein laga sine eigne postkort. I perioden 1910 – 1960 vart det trykt mange postkort. Dei vart gjerne laga ved spesielle høve, t.d.d stemne, avdukingar, konfirmasjonar, gravferder og av bygd og grend.  Fotografen tok også bilete av familiar, venegjengar og einskildpersonar. «Alt» kunne fotograferast og lagast postkort av og delast med andre»