Reguleringsplanen for Frugarden er framleis i prosess, og det skal vera grunnen til at det over tid har vore stillstand i arbeidet for ny fylkesveg mellom krysset Ådlandsvegen/Tysevegen og Øvre Sæ. I merknads-sending frå Stord Næringsråd til kommunen andsynes detaljplanar for ny kollektivterminal på Bandadalsplassen, blir den nye vegen over Frugardselva trekt fram som ein viktig del av trafikkløysinga:
«I trafikkanalysen som ligg ved saka, står det å lesa at dersom tverrsambandet Øvre Sæ – Tysevegen vert bygt, vil om lag 1/3 av trafikken gjennom sentrum gå der og ut på E39.Det hadde vore ein fordel om dette prosjektet var opna før ein gjekk i gang med stengingar i sentrum. Dette er uansett to viktige prosjekt for samferdsla på Stord«, skriv Næringsrådet. Som i brevet strekar under at rådet støttar opp om planane for ny terminal, som kan samla buss og taxi og gje høve til parkering.