Til Stord kommunestyre sitt første møte i det nye året, har representanten Nancy Aasheim (Sp) meldt eit høgaktuelt spørsmål kring pengeløyvinga til Stord kyrkjeleg fellesråd for 2024. Som det skal vera kjent, er følgjene av reduserte driftstilskot at Stord kyrkje blir stengt, og alle gjeremål og seremoniar lagt til Nysæter. Koalisjonen har forklart nedtrekket med at fellesrådet rår over eit fond med oppsparte midlar «å ta til» for å halda vanleg drift. Slik bruk av fondsmidlar, er ei feilgrep meiner Aasheim. Og spør:
– Visste ikkje fleirtalskoalisjonen at mesteparten av det oppsparte fondet til kyrkja hadde opphav i statlege midlar?
– Er det avklart at det er lovleg for kommunestyret å ha som føresetnad for budsjettet til kyrkja at midlar opprinneleg løyvde frå staten for å dekka kostnader knytt til det statlege ansvaret (m.a. presteløner, red. merk), i staden skal nyttast til å finansiera oppgåver som i følgje lovverket er kommunalt ansvar?
– Dersom det er ulovleg for kommunestyret å leggja til grunn at statlege midlar skal nyttast til å løyse kommunale oppgåver innafor drifta av kyrkja, betyr det at heile budsjettvedtaket for Stord kommune er ulovleg og må gjerast på nytt?