Venelaget for Hagerupshuset har i ei årrekke drifta kultur- og eldresenteret i Hagerupshuset. I desember 2023 la Venelaget for Hagerupshuset ned aktiviteten sin, og frå januar 2024 har Eining for kultur overteke ansvaret for Hagerupshuset.
Dette fører til nokre endringar i tilbodet. Frå 01.01.2024 er det ikkje lenger kafé i Hagerupshuset. Dei ulike laga og organisasjonane som har aktivitetar i Hagerupshuset, kjem til å halda fram med det. Det vil og vera mogeleg å leiga Hagerupshuset til ulike arrangement.
Eining for kultur arbeidar no med korleis nye tilbod og reglar for utlån/leige av Hagerupshuset skal vera. Detaljar kring dette vert kunngjort når det er klart.
Stord kommune vil nytta høve til å takka Venelaget for Hagerupshuset for fantastisk arbeidet over mange år. Det er ei rekkje eldsjeler som har stått på for å skapa gode møteplassar og treff for innbyggjarane i kommunen, og me sendar ei ekstra takk til dei.
Det er Stord kommune som melder dette på sine heimesider.