Ja, denne er langt betre

Nye skilt med grei og skjønleg tekst på salongveggen om bord i M/F Julsund.  

På den femte dagen i det nye året, er det ei glede for stordront å kunna senda ein verbal rosebukett til ferjeselskapet Fjord1.  Dette fordi det i salongen om bord i JULSUND, i fart i trekantsambandet  over Langenuen,  er kome opp oppmodingsskilt om «ikkje å kasta noko i havet».

På nynorsk og lett å forstå – i motsetnad til dei «gamle» skilta som bad passasjerar om  å «ikkje hiva søppel over bord».