Flytekaiar i Leirvik hamn har for tida eitt av sine årvisse besøkt av 30-40 ærfuglar av begge kjønn. Dei må trivast i farvatnet, for mellom sine kombinerte sanke- og reinskeangrep på flottørane i båthamnene, sym dei rundt om kring medan lyden av småpraten mellom fuglane rekk langt på land. Brått kan leiaren i flokken bestemma at no skal det dykkast, og heile gjengen stikk til botnars for matauk. Dei kan dykka til 20-30 meter og vera under mellom 6 og 78 sekundar. Blåskjel står øvst på menyen, og eit evig spørsmål er: Korleis et ærfuglar desse skjela? Svar: – Blåskjela bli svelgde heile, og knuste når dei kjem i magen.