Samarbeidsprosjektet «Sykkelbyen Stord» , med Statens Vegvesen, Hordaland fylkeskommune og Stord kommune som partnerar, er for lengst formelt avslutta. Teljeapparatet står framleis att som eit fysisk minne ved Politi- og Veghuset på Vabakkjen. Og det virkar.
Ved 12-tida 31. desember 2023 viste den digitale skjermen at 4 syklar hadde passert så lang siste dagen i fjor, medan det i løpet av heile året 2023 hadde passert 92 317 syklar.
Det gjev ein «årsdøgertrafikk» på 252 syklar om me dividerer på 365 dagar. Tek me vekk helge- og heilagdagar og deler på 250 virkedagar, blir «årsdøgertrafikken» 369 syklar.
Teljaren tel den pedaltrøande trafikken begge vegar , og sidan det er mykje sykling til skule og jobb med retur, må vel dette takast omsyn til for å få fram den reelle bruken av sykkel gjennom Vabakkjen?