– Eg er kjempenøgd med kvelden. Anna kan ein ikkje vera med «utseld» hus og topp låtservering frå eit knippa topp musikarar og vokalistar.
JulaJam’en 2023 kan skrivast inn i sogeboka vår som ein ny konsertkveld med suksess, sa ein smilande Olav Fjell då klokka drog seg mot midnatt på Stord hotell laurdag. Åtte siste åra har Fjell vore leiar av Stord Jazzklubb – som er kåra til Årets Jazzklubb i Noreg 2023. med tilvising til særs aktivt og variert konserttilbod.
Variert repertoar frå ei rekkje band og songarar var det også på JulaJam’en; – Svingande frå tøff funk , innom latinorytmar, vidare til sarte sax-tonar og kvass «bassgang».
Og ikkje minst, utruleg vakre vokalinnslag, framført for eit så intenst lyttande publikum at ein faktisk kunne høyra knappenåla falla i «Condeep’en»