Ein flott skinnvott låg einsam i Borggata torsdag føremiddag. Sidan han låg ein meter frå minibanken i sparebankbygget, kan det henda han er mista i samband med penguttak?? Og, sidan det meste talar for at den fine votten er i eit parforhold med ein vott av same slaget, vart votten festa i til tauverket på ei flagstong i området. Der hong han fint laurdag føremiddag – og blir der vonleg til eigaren dukkar opp. Lukke til.