Snart tek med nytt år i bruk…

Måndag komande ventar ikkje berre ei ny veke,  det ventar oss eit heilt nytt år.  2024 er føreståande med nye mogleikar og det første lure me kan gjera alt i dag, er å sjekka det nye skattekortet.  Om du grundar på nye fortsett, kan du velja som ei røysta i radioen sa han gjorde: – han hadde gjort personleg samrøystes vedtak om å ikkje satsa på fortsett i det heile. 

Når me minnest  siste fredagen i 2023, den 29. desember, kan det vera greitt å notera seg at den lyse delen av døgeret, sidan solsnu den 22. – er blitt 4 minutt lenger.  

Dette med at felles fyrverkeri med oppskyting frå moloen presis ved årsskiftet, hadde vore alle tiders kjekt, får bli ei sak å drøfta vidare neste år.  Godt nytt år til deg og dine.

—-

Med held fram den gode fredagstradisjonen med å repetera slitesterke ordtak frå Ola Høyland si bygdebok anno 1972:

– Da e’ godt at kodlutte kyr ikkje har hodn (om slike som yppa seg meir enn dei har makt til)
– Den so kjøpe alt han ser, får gråta når hine ler.
– Noko e’ godt, inkje e’ verre.
– Hardt ver står sjeldan lengje. (også brukt om ein som fyk opp i sinne)
– Små gryte’ har og øyre.

——

Fem ord som alt for 50 år sidan var på veg ut av stordamålet
Etterfolla = avkasting, utbyte
Etterrakster = det vesle som er att etter at ein har teke det meste (t.d.høy)
Fanari – vit på, eller sans for noko
Fjasa = tøysa
Fjåg = blid, i godt humør.