Det er først når ein kjem bak ein normalt stor lastebil, mjølketankbil eller SIM-bilen, at ein med eigne auge får sett kor smal fylkesvegen over Nordhuglo eigentleg er. Større bilar har breidde som krev all plass mellom dei kvite kantstripene. Den som er på gåtur og møter desse doningane, gjer lurast i å trø ut av vegbanen når bilen passerer. Det er ingen ting å «gå på». På glatten nyleg, gleid ein SIM-bil i grøfta, der var det blautt og uråd å få bilen opp med eigne krefter eller traktorhjelp. Stor bergingsbil måtte rekvirerast og store deler av dagen var einaste samferdslelina over øy sperra for gjennomgåande trafikk.
John Nesse ved fylket si vegavdeling på Vabakkjen sit med planar for utbygging av fylkesvegane i regionen, og må seia diverre og nei, på spørsmål om vegen over Huglo er på lista over utbyggingsprosjekt i nær framtid.
– Med informasjon om denne hendinga i bagasjen, vil me ta turen over Langenuen og sjå på tilhøva. Eg kan lite lova no, anna enn at det kanskje kan bli eit prosjekt på tiltakssida, seier Nesse.