– Her har di singla, så her går da an å fota seg trygt, sa ein lett tilårskomen kar som måtte nokre ærend i bysentrum onsdag. Det er vel så langt den gate- og fortau-glattaste dagen i 2023. Folk gjekk så forsiktig, så forsiktig og var glade for kvart sandkorn eller kvar singelstein dei fann å setja foten nedpå.
Frå praten med den nøgde karen som brukte ordet singla om singelen som var strødd på den tynne is-skorpa, gjekk Stordront vidare og lurte på om me hadde høyrt eit sokalla ny-ord? Eller om det var repetisjon av ei godt gamalt uttrykk for å spreia småstein; Å singla.
(Jo, me har høyrt ordet før, men då i tydinga «at da singla i glasbeta»)