Blir både vidare og djupare

Hola har fått veksa i både djupne og breidde over tid. (Foto: Steinar Hystad)

Vêr og vind, nedbør og frost og ein jamn straum av rullande trafikk, har alle sin del av skulda for at tre hol i asfalten inst i Evjo veks i både breidde og djupne. Etterkvart byrjar tilstaden nærma seg farefull for dei som ferdast der, og såleis hadde det vore gildt med snarleg ifyll av ny asfalt.