Sidan biltrafikken gjennom Borggata er mindre enn minimal, kan ein bli litt undren på kva so har skjedd med den elles så høgreiste lyspålen utfor «Bokhandlarbygget», som godt innfødde framleis seier. Pålen har stått skeiv gjennom helga og som ein ser har uhellet også råka sjølve lyspunktet. Ser ut for at krefter har vore i arbeid, og då er det å vona at gode krefter i samarbeid får orden på lyset igjen, rimeleg kvikt.