Dei nye flytidene til DAT er klare

(Foto: Haldis Lauksund, Stord kommune)

No er tidtabellen for dei nye statlege FOT-rutene Stord-Oslo klare.

Frå og med 01. april 2024 startar DAT opp flyging på FOT-ruta Stord-Oslo v.v. på vegne av staten. I konkurranse med Widerøe vann DAT anbodet som gjeld fram til og med 31. oktober 2027.

Sjå den nye flytidene her – Stord Lufthamn

I anbodet var det krav til 12 rundturar pr. veke på denne ruta. I sitt ruteprogram har DAT lagt inn 15 rundturar. Ruteplanen fylgjer vedlagt. DAT nyttar flytypen ATR-42 med 46 passasjerseter.

Billettar er no lagt ut og kan tingast på www.flydat.no

DAT har interlineavtalar med Finnair, Widerøe, SAS, Emirates og Qatar Airways. Ein har i tillegg bagasjeavtale med Norwegian.

(Denne saka er skriven av Haldis Lauksund og er henta frå Stord kommune sine heimesider)