– Når Ådlandsvegen blir stengt for gjennomkøyring, blir det aukande trafikk gjennom Borggata og Skrivarvegen (Grisarompo), samstundes ryktast det at det blir eit større VA-gravearbeid frå Turnhallen mot bedehuset. I den samanheng har stordront fått spørsmålet:
– Kvar er det blitt av planane for ny veg frå krysset Ådlandsvegen/Tysevegen, over Frugardselva med utkome på fylkesvegen i Øvre Sæ.
Planarbeidet var for nokre år sidan kome så langt at stikker var sette ned i lende.? No har det vore stille lenge – er det noko nytt i saka?
– Den nye vegen med to rundkøyringar er ein del av områdereguleringsplanen for Frugarden, som framleis er i prosess og såleis enno ikkje rettskraftig, opplyser einingsleiar for RBO i Stord kommune, Elisabeth Gjerde. Og legg til:
– Grunna motsegner har det vore meklingsmøte, og den 30.11.23 vart det oversendt eit revidert plankart og føresegner. Slik me vurderer det er planforslaget no i tråd med konklusjonane som var i meklinga og det tek vare på forholda det var motsegn mot.