Ventar ved Hidle

«Mighty Servant 1» med flytedelen til  Gjøaplattforma i oktober månad 2009 teke i Bømlafjorden utanfor Eldøyane.  I dag er 1 i namnet teke bort, fartyet er det same. (Foto: Tor Resser)

Den gule høge plattforma på dekket av spesialfartyet «Mighty Servant» som i desse  ligg i venteposisjon ved Hidle, er på veg  frå Shanghai (via  Sør Afrika) til Aibel sitt verft i Haugesund. Plattforma skal brukast i vindmøllepark i Nordsjøen. «Mighty Servant» har gjesta farvatnet  her ein gong tidlegare, då med  flytedelen til Gjøaplattforma på sitt lange dekk.