Lågt rekkverk har medført  nesten-ulukker

Rekkverket er det fysiske skiljet mellom etasjane i fellesarealet. (Foto: Steinar Hystad)

Rekkverket som utgjer det fysiske skiljet mellom etasjane i fellesarealet i Nordbygdo Ungdomsskule rekk 99 centimeter frå golvet.  Ei høgde som vert sagt å vera «innafor», men som for elevar og leiing ved skulen er til dagleg bekymring. Ved skulen er det eit inderleg ønskje om å få eit rekkverk som er 20 centimeter høgare.

Kommunestyrerepresentant Fredrik Mettälä (FrP) vart informert om problematikken  då han nyleg var på besøk på skulen. Der fekk han opplyst at det har vore fleire «nesten-ulukker», ved at personar på veg over rekkverket har blitt  berga i siste sekund. Fallhøgda til underetasjen er fire meter. 

Mettälä har meldt spørsmål til neste møte i Utval for oppvekst og kultur, kor han viser til regelverk for rekkverk (skal ha høgde som hindrar fall og samanstøyt) og spør kva kommunedirektøren vil gjera med Nordbygdo U-skule.  Det er ønskjeleg å få på bordet kostnadsoverslag for sikringsrekkverk som er 120 centermeter høgt.