Mangel på lysande pærer kring den kombinerte rundkøyringa og busstoppet ved Sjukehuset , vert særs merkbar no i den mørkaste tida av året. Særs merkbar i desse dagar med lågt og regnfullt skydekke i tillegg. Faktisk var det tysdag ettermiddag så mørkt i området, at tipsaren i saka er usikkert på om han såg alle mørke lyspunkta.
– Eg talde i alle fall seks pålar med armatur på toppen, og dei var beksvarte alle i hop. Med den store trafikken til og frå sjukehuset er dette alt for dårleg – og farleg. Ber rette instans ta affære og få på lysa straks, lyd meldinga.