Kraftige «tenner» på Eldøyane

Faksimile frå Vi Menn: Per Inge Sandvik  er både tannlege og kjeveortoped når krafttanna på Lilly må skiftast eller vølast.

«De er ingen rimelig affære når tennene i kjeften til «Lilly» og «Marte» må byttes».  Med denne ingressen innleiar vekebladet Vi Menn ( nr 49 2023) ein seks siders reportasje om dei  kraftige maskinane, med meir enn imponerande sakse-tanngard, som for tida tygg utrangerte oljeinstallasjonar på demoleringsområdet til Aker Solutions på Eldøyane. Reportasjen fortel mellom anna at nye «tenner» til maskinane  har ein prislapp på 200.000 kroner, veg  20  til 24 tonn  – men så let dei seg heller ikkje stoppa av tjukt stål.

«Maskinene som benyttes  på Stord er av typen som vanligvis ses som gravemaskiner. Men på demoleringstomten til Aker Solutions er grabbene byttet ut med  digre sakser i stedet», skriv Vi Menn.