Han e’ der – men berre ein og annan

– Einsleg i rusa, men fin fisk – bevares. (Foto: Steinar Hystad)

– Ka so gjere da, vett eg lite om, men på denne årsti’ sku da vore fleire slike i garnet, kommenterte han som drog eit par-tre garn i floaveret laurdag. Fangsten var ein  godt to kilo’s, fin, frisk og freistande torsk.

Noko den same kommentaren kom frå han som såg til rusa oppunder land om lag midtvegs i Nuen. Innom notveggen symde  ein einsleg torsk, i «høvande» storleik. Hadde jo sjølvsagt vore stas med såpass fangst at ein kunne satsa på torsk til julamiddag for familien!

– Det store spørsmålet er naturlegvis om dette er eit mellombels fråvere av skjeggfisken – og at det såleis kan reknast med meir blide fjes mellom garn- og rusefiskarane når det lid litt lenger på vinteren.