Sunnhordlandsruta går også komande år 

Snøggbåtane vil gå som vanleg inn i neste år. (Foto: Steinar Hystad)

Fleirtalet i Vestland fylkesting har teke inn att det som var føreslått kutta i budsjettforslaget frå tidlegare i haust. Pengane som trengst for å finansiere dette, er henta frå Miljøløftet og frå fondsmidlar. Miljøløftet er eit samarbeid mellom staten, fylkeskommunen og kommunane i bergensregionen. Det er også sett av 22 millionar kroner i 2024 til å innføre ei ordning med fleksibel billett på buss og bane.

Fylkestinget set av 10 millionar kroner i 2024 til rutejusteringar i kollektivtrafikken i distrikta. I tillegg blir drift av ferjesambandet Kinsarvik–Utne, Sunnhordlandsruta, turistruta i Hardanger og godsbåten mellom Bergen og Solund/Gulen/Askvoll vidareført. Vert det kunngjort på  fylket si nettside. .  

Fylkespolitikarane er også opptekne av å halde oppe trøkket i den grøne omstillinga, ikkje minst når det gjeld hurtigbåtar og overgangen til nullutsleppsløysingar. Fylkesdirektøren føreslo i budsjettforslaget sitt å avlyse anbodet på nullutsleppshurtigbåtar fordi eit eventuelt bidrag frå staten ikkje er avklara.Fylkestinget ønskjer ikkje å gå så langt, men utset heller fristen i anbodet og vil jobbe mot regjeringa for avklaring om statleg bidrag så snart som mogleg.