Ryktet om at Kaisvingen Kafe har eit kjekt areal for uteserving på sjøsida, ser ut til også å ha nådd inn i flokken av meir og meir menneskenære hegrar kring Leirvik hamn. Men hegren. av imponerande storleik, som slo seg til på toppen av gjerdet rundt plassen i lunsjtida onsdag, hadde nok bomma på årstida. Kaisvingen driv ikkje utservering i desember, då er det enklare å få tak i godbakst utandørs når det dreg seg til med vårleg temperatur.
Men det skal hegren ha, at han sytte for ei triveleg naturoppleving til kaffien og rundstrykka, til veninnekvartetten kring næraste bordet inne…