Grunn til at teleslynger manglar i Kulturhuset

Manglar eindel teleslynger i Kulturhuset (Foto: Steinar Hystad)

– Eg er kjent med at det manglar teleslynge i småsalen i Kulturhuset. Korleis er det i resten av huset og i kommunen? Viser til at installering av teleslynge er lovpålagt. Else Berit Helle, reiste dette spørsmålet  i møtet til Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne måndag.

Dette er svaret frå administrasjonen i Stord kommune.

–  Det er uheldig at det ikkje er teleslynge i småsalen og heller ikkje i resten av kulturhuset. Dette skuldast at det er plassert ein trafo i kulturhuset, og kombinasjonen trafo og teleslynge fungere ikkje i lag. Det er prøvd ut ulike former for IR-anlegg, men med vekslande hell. Det arbeidast med å finna andre gode løysingar. Når det gjeld resten av kommunen, så finnes det ikkje ei fullstendig oversikt over kva bygg som har fungerande teleslynge. Men det skal vera teleslynge på Nysæter ungdomsskule, Bandadalen Aktivitetssenter og omsorgsbustadar (Leirvikstova), og i kommunestyresalen i Rådhuset.