På møtet i Stord Eldreråd måndag vart det full semje om å senda særskild søknad: – Om taletid i kommunestyret, på same vilkår som Ungdomsrådet har fått. Då blir det på denne måten, jamfør vedtak på sist kommunestyremøte:
«Ungdomsrådet i Stord har møte- og talerett i Stord kommunestyre sine møter i dei sakene som kjem inn under ungdomsrådet. Dersom ungdomsrådet ønskjer å nytta seg av møte- og taleretten skal dette avtalast med ordførar i forkant av møtet. Stord ungdomsråd kan stilla med opp til to representantar. Dei representantane som representerer ungdomsrådet får sleppa til i møtet med eit førebudd innlegg med taletid på maksimum fem minutt i starten av sakshandsaminga til den politiske saka, men før debatten startar. Representantane i Stord ungdomsråd får ikkje delta i sjølve debatten av saka.»