Kommunale prisar og stipend tildelt

Et samrøystes utval for oppvekst og kultur tildelte ut følgande prisar på tysdagens møte:

Målprisen: Gamle Fengselet Kulturhotell.

Grunngjeving: «Gamle Fengselet Kulturhotell er ein viktig kulturberar for lokalsamfunnet på Stord, samstundes som dei når ut til eit breiare publikum. Gjestane på hotellet møter det nynorske skriftspråket både på nettstaden, i sosiale medium, og i heftet dei får utdelt om historia til hotellet. Denne historia er i sin heilskap skriven på nynorsk. Det same gode språket møter dei som besøker arrangement som konsertar, bokpresentasjonar, teater og utstillingar på kulturhotellet. Gamle Fengselet Kulturhotell er tydeleg stolte av røtene sine, og dei fremjar nynorsken ved å syna at han er ein sjølvsagt og naturleg del av dette.»

Eldsjelprisen: Neeta Sankholkar

Frå framlegg til kandidaten:

«Neeta har gjort ein flott innsats for fleire lag og organisasjonar i Stord kommune. I mange år var ho leiar i IKK kor integrering og inkludering var det viktigaste målet. For ein del år sidan etablerte ho Stord cricket-klubb for å gje eit tilbod til unge flyktningar og andre. Ho har og gjort ein heiderleg innsats for å lære opp elevar i cricket. All respekt for ei ivrig og dedikert dame. Ho fortener verkeleg ildsjelprisen.»

«Neeta Telang Sankholkar har vore driven bak Stord Cricket klubb, ho har jobba hardt og har sette Stord Cricket på kart nasjonalt og internasjonalt. Lokalt har ho sørge for at alle får bli kjent med Cricket og delta uavhengig av økonomiske status til familien. Ho har tilrettelagt for at jenter skulle få like muligheter som gutar å spele Cricket. Ho er ei av mange viktige eldsjelar i vårt samfunn.»

Kulturprisen: Jens Litlabø og Marta Tveita

Grunngjeving: «Tunet på Nordre Tveita består av 2 hovudbruk og totalt 25 bygningar av stort og smått. Dei eldste bygningane har historie heilt attende til 1600 talet. Eit lafta stabbur som er ein del av tunet skriv seg attende frå slutten av 1500 talet. Slekta til Marta Tveita har budd i tunet frå om lag 1750.

Marta Tveita og Jens Litlabø har på ein framifrå måte tatt vare på tun og stilelement slik det var langt tilbake i tid. I restaurering av bygga har ein henta materiale frå eigen skog og lagt vekt på vidareføring av tidlegare stilar som lafting og grindbygging. I tillegg har dei tatt i bruk eit driftsopplegg som vektlegg ein pedagogisk og kulturhistorisk modell. Til garden kan skuleklassar og barnehagegrupper koma og ta del i ulike aktivitetar og oppleve gardsdrift slik det har blitt gjort av mange generasjonar. Borna får oppleve og utføre ulike oppgåver på garden. Alt frå henting av einer og prosess med røyking av kjøt til stell av dyr.

Utanom dette tar dei imot storsamlingar av lag og organisasjonar. I så måte får innbyggjarane eit unikt møte og innblikk ei sentral side av kulturen og historia til ein del av Stord-samfunnet. I totalkonseptet inngår vektlegging av naturalhushald med dyrking av grønsaker til eige bruk. I tillegg fruktdyrking til saft. Ein mindre kornåker er og å sjå – som gjev tilstrekkeleg med korn til fuglenek. Kulturlandskapet rundt blir tatt vare på, slik at det blir ein heilskap.

Det er ikkje få arbeidstimar, i hovudsak som eigeninnsats, som gjennom dei siste tiåra er utført for å sikre og ta vare på viktige kulturskattar. Dette er investert arbeid som kjem innbyggjarane i Stord kommune til gode. På vegne av alle som har vitja garden er inntrykket at dette er eit særleg fortenestefullt tiltak.»

Kulturstipend: Astid Jordåen

Jordåen studerer dans ved KHIO, og planlegg å laga ei førestilling saman med danse-elevar frå Stord kulturskule, og søkjer midlar til å få gjennomført dette.

Frå søknaden:

«Eg vil allereie no byrje å skape mine eigne verk. Det er akkurat difor eg søker dette stipendet! Eg har lyst til å sette opp ei førestilling heime på Stord sommaren 2024, der eg både er dansar, og har ansvar for regi og koreografi. Eg vil samarbeida med lokale danseelevar og ynskjer å ha dei med i skapinga av førestillinga. Å få til å sette opp ei slik førestilling hadde betydd mykje for meg. Det kan bli det springbrettet eg trenger for å komma meg inn i freelance bransjen. I tillegg trur eg ei slik førestilling vil væra interessant for kunst- og kulturlivet på Stord.

[…]Førestillinga eg planleggar å gjennomføre neste sommar skal appellere til alle aldersgrupper. Dei yngste vil bli fanga av fargar, musikk, formar og rørsle, medan dei eldre vil kunne sitte igjen med bodskapen som blir formilda gjennom førestillinga. Sjølv om det er jazzdans eg studerer, jobbar eg flittig med å utvikle mine andre kunstnariske sider, som tekstskriving, song og biletkunst. Eg vil bli ein allsidig kunstnar som har evnene til å bruke dei ulike kunstformene i kombinasjon for å skape eit sterkare uttrykk. Dette kjem førestillinga til å bæra preg av. […]»