Kristtornbyen utan bær

8. desember utan bær.27. oktober: med bær. (Foto: Steinar Hystad)

Den som mottek offisielle brev ( også på e-post) frå Stord Kommune,   kan oppe i høgre hjørna på arket  finn kommunevåpenet som symboliserer kristtorn. Under kommunenamnet er det teke med eit vertikalt merke som understrekar at Stord kommune er «kristtornbyen». Men det bryr ikkje  trastene seg om, i alle fall ikkje denne seinhausten. 

Rett under kommuneemblemet  (og klokka) på Rådhuset, mot Borggarden, står ein høgreist  kristtorn som eit levande prov på kva by me bur i. 27. oktober i år bogna greinene av  knallraude vakre bær og det teikna til å bli naturleg fint pynt «i det offentlege rom» til jul.  Brått kom det snø i liane under fjella kring oss, og svolte trasteflokkar søkte rett til dekka kristtornkoldtbord i meir sentrale strok. 8. desember var det ikkje eitt bær å sjå i kommunetreet.  All naturjulepynten er oppeten.