Eit fantastisk knippe artistar klare for Tysnesfest

Åge Aleksandersen og Sambandet (Foto: Marthe Amanda Vannebo)

Avskjedskonsert med Åge & Sambandet og gledelege gjensyn med Hellbillies og Fay Wildhagen.

2024 ligg an til å bli eit særs godt år for Tysnesfest, spesielt med den artistplakaten me held på å snekre saman. Med D.D.E og Sondre Justad allereie på plass hamrar me laus med Åge & Sambandet, Fay Wildhagen og Hellbillies.

Legenda og ikonet Åge gjer sin aller siste konsert på Tysnesfest i 2024. Med nyheita om at Åge no gir seg med turneverksemd i 2025 var me sikker i vår sak, me må ha Åge og Sambandet ein siste gong på Tysnesfest. Dette blir fort sommarens store festivaloppleving!

Hellbillies har vore ein suksess sidan dei starta på nitti-talet og held framleis koken som eit av Norges beste live-band. Me er sikre på at det blir både allsong og dans på Tysnesfest når Hellbillies spelar fredag 12. juli.

Hellbillies (Foto: Agnete Brun)

Fay Wildhagen brakdebuterte i 2015 og spelte allereie det året på Tysnesfest. Når ho no spelar på Tysnesfest igjen har ho med seg eit nytt og etterlengta album, som kjem på nyåret. Fay Wildhagen er ein unik låtskriver og live-artist som me gler oss enormt til å sjå på Tysnes til sommaren.

– Fantastisk kjekt å få ut fleire av godbitane me har sikra oss til Tysnesfest 2024, seier Øystein Vaage i Tysnesfest. – Og som me skriv i presseskrivet, når Åge Aleksandersen no har fortalt omverden at dette blir hans nest siste turnerings-sommar, fekk eg ei veldig ambivalent kjensle der det vart litt trist, samtidig som eg synes det er utrulig fortjent at han no kan få ta det litt meir med ro på sine vaksne dagar. Eg blei og heilt sikker på at Tysnesfest må få takka han av på skikkelig vis. Derfor blir det ein blanding av utrulig kjekt, litt vemodig, men mest av alt fint å sjå han på Gjerstad Arena for aller siste gong, fredag 12. juli 2024!

– Det blir og utrulig stas å få ynskja Hellbillies og Fay Wildhagen tilbake i 2024. Fay kjem med sine fantastiske tekstar og eit utrulig stemningsfullt univers, og Hellbillies som nærast er blitt vårt «husband» skuffar aldri! Her er det berre til å hugsa på å ta med Ifa-pastill, for det nyttar ikkje å gå på Hellbillies-konsert med tørr hals!

Fay Wildhagen (Foto Johanna Siring)