«Gåver lagt i julegryta, eller sendt via vipps til 78193, blir til mat for nokon som treng det». Dette er meldinga frå Frelsesarmeen på Stord som no står på sine faste stader med den svarte gryta: – I Borggata, på Amfi senter og Heiane Storsenter.
Stord formannskap avslutta møtet onsdag med to samrøystes vedtak om julestøtta. Kroner 100.000 til Frelsesarmeen og kroner 20.000 til lyspynting i Leirvik sentrum. Båe gåvene henta frå formannskapet sin ekstraløyvingskonto.