I sist kommunestyremøte var det føreteke revidering av politisk reglement og retningsliner for valbolken 2023-2027. Etter forslag frå Fredrik Mettälä (Frp) og Inger Christin H. Barane (Ap), var det eit samla kommunestyre som vedtok å «sleppa» Ungdomsrådet til på talarstolen, på følgjande vilkår:
Ungdomsrådet i Stord har møte- og talerett i Stord kommunestyre sine møter i dei sakene som kjem inn under ungdomsrådet. Dersom ungdomsrådet ønskjer å nytta seg av møte- og taleretten skal dette avtalast med ordførar i forkant av møtet. Stord ungdomsråd kan stilla med opp til to representantar. Dei representantane som representerer ungdomsrådet får sleppa til i møtet med eit førebudd innlegg med taletid på maksimum fem minutt i starten av sakshandsaminga til den politiske saka, men før debatten startar. Representantane i Stord ungdomsråd får ikkje delta i sjølve debatten av saka.
Ungdomsrådet vedtok på møtet tidlegare i haust å søkja om nettopp eit slikt taletilbod, som dei no har fått.