– Snøsmelte-anlegget i Borggata er diverre defekt

Slik var snøtilhøva i Øvre del av Borggata onsdag føremiddag. (Foto: Steinar Hystad)

I Borggata vart det i si tid lagt varmekablar for å smelta snø – i nedre del i heile breidda, i øvre del i fortauet like til toppen.

Verkar desse varmeanlegga framleis? Det var spørsmålet stordront.no  sende til Stord kommune, sidan det framleis ligg tildes godt med snø  gata og på fortaua.

På e-post svarar Rolf Skår, prosjektleiar Elkraft/Automasjon i tekniske tenester:

– Snøsmelteanlegget i Øvre Borggata er defekt i den forstand, at ein må skru det av og på manuelt. Å passe på anlegget manuelt slik at varmekablane ikkje «brenn opp» har ikkje Stord kommune kapasitet til.

Me ynskjer å ta vare på dei verdiane som ligg i grunnen utan og ta unødig risiko. Det trengst difor ei større investering for å få dette aktuelle anlegget i drift på ein trygg måte.

Og slik var tilhøva i nedre del av Borggata onsdag føremiddag. (Foto: Steinar Hystad)

– Når det gjeld Borggata mellom «Gamle Narvesen» og «Frugaard Bakeri», kan det vera at det har skjedd ein feil. Her har det vore myke arbeid dei siste åra og anlegget er veldig gamalt. Her må ein nok undersøke nærare før ein kan uttale seg.

– Vil gjerne minne om §4-4, i forskrift om politivedtekt for Stord kommune. Der er det blant anna kjem fram at hus- /eigedomseigaren har plikt til å rydde fortauet for snø etter snøfall, samt strø fortauet når det er glatt.

Forskrift om politivedtekt, Stord kommune, Vestland – Kapittel 4. Reinhald på offentleg stad – Lovdata