Siste Torsdagstreffet?

Frå eit tidlegare torsdagstreff i Hagerupshuset. (Arkivfoto: Steinar Hystad)

Det går mot nye tider for drifta av Hagerupshuset, og per 6. desember er det svært mykje som talar for at 7. desember 2023 blir «arena» for siste Torsdagstreff i bestastovo i eldste huset på Vikjo.  Som følgje av at kommunen sjølve tek over den daglege drift av Hagerupshuset, har Venelaget sagt opp sine avtalar frå og med 15. desember i år. Då er det slutt for venelaget si kafedrift. 

– Me køyrer siste treffet etter godt innarbeidd mønster gjennom 10-15 år, seier konferansier Kristian Lunde til stordront.no. Såleis blir det  god musikk frå kvartetten Kjell Aasheim, Lorentz Kannelønning, Svein Losnegard og Svein H. Grov.

På desembertreffet er det blitt tradisjon med besøk av Lubbenissane. Fjellgardslubbenissen, Lurelubbenissen og Litlelubbenissen kjem med songgåver og abligøyer. Så blir det som alltid god tid til drøs, kaffi og mat  – og lodd.