Stord-koalisjonen vil over til Vest politidistrikt

Stord kommunestyre drøfta på møtet torsdag sist veke spørsmålet om kvar kommunen bør ha politimessig tilhald i framtida. I Sørvest distrikt, som no, eller over i Vest distrikt. Framlegget frå Frp, H, Krf og V vart vedteke med 18 mot 17 (Ap, SV, R, INP og Sp) røyster, går det fram av møteboka. Vedtak lyd slik:.

Stord kommune vurderer at politiet si tilgjenge for innbyggjarane, levering av gode polititenester, og oppretthalding av ein sterk politistasjon på Stord skal oppretthaldast

  • Politietaten må ha ein desentralisert struktur
  • Politidekning, bemanning, og tenester til innbyggjarane må tryggjast ved ei eventuell overgang til Vest politidistrikt.
  • Stord kommune ynskjer at Stord politistasjon held fram som ein eigen geografisk driftseining så lenge det ikkje ligg føre konkrete og fordelaktige avtalar som vil rettferdiggjere ei endring. ·
  • Politiet si bemanning ved Stord politistasjon må oppretthaldast eller aukast ved ei eventuell endring.
  • Ordninga med operativ politidekning 24/7 bør ikkje endrast ved ei eventuell overgang til Vest politidistrikt.
  • Stord kommune støttar ei mogleg overgang til Vest politidistrikt, med vurderingar knytte til samarbeidet i Vest brann- og redningsregion (VBR).
  • Stord kommune er no tilknytta 110-sentralen i Stavanger. Ved ei mogleg flytting til Vest politidistrikt vil Stord kommune bli ein del av 110 Vest sitt distrikt. På denne måten vurderer Stord kommune det som fordelaktig å tilhøyre same politidistrikt som fylket me er ein del av.
  • Stord kommune er ein del av Vestland fylke og er dermed tett knytt til Statsforvaltaren i Vestland når det gjeld kommunal beredskap og samfunnstryggleik. Med dette som grunnlag er det fordelaktig at kommunen høyrer til same politidistrikt som dei andre kommunane i fylket. Stord kommune er positiv til ein overgang til Vest politidistrikt.