Steinfull klementin

29 steinar i ein klementin, må vel vera godt over normalen. (Foto: Privat)

Tilbake i juleselskapssoga, til tidene før telefontasting fekk innpass i stova, vart godtfolk engasjert med leikar. «Mitt skip er lasta med», var ein populær variant.  Då vart «ballen» sendt rundt til gjestene, som måtte koma på ei last som byrja med bokstavane s eller k eller ein annan bokstav som leiksjefen bestemte.  Til festen denne jula, har stordront.no fått innspel til ein ny tidssyssel, nemleg: Kor mange steinar var det i klementinen din? Innspelet kjem frå klementin-elskar som fekk fruktstunda no i helga  forstyrra av mellom to og fire steinar i kvar av dei ni «båtane» under skallet. Totalt 29.  Kan det vera rekord?