FAU ved Stord Ungdomsskule har lese budsjettforslaget for Stord kommune komande driftsår og har i etterkant svart med eige brev til dei styrande i Rådhuset:
– Me ser med uro på at skulen heller ikkje neste år får prisjustert sitt budsjett når det gjeld elevressurs. At budsjettet ikkje vert justert over fleire år fører til at Stord U-skule i praksis får mindre og mindre økonomisk handlingsrom. FAU ser på dette som ei svært urovekkjande
Utvikling og ber om at skulen sitt budsjett blir prisjustert for 2022/23 og 2023/2024.