Då er det tid for siste forelesinga dette året.
Tysdag 5. desember kl 11 får Senioruniversitetet Sunnhordland besøk av trubadurane Tor Olav Sønnervik og Svein Olav Steindal i Bømlo kulturhus. Då vil dei presentera for oss desse to legendariske popbanda som dei fleste av oss kjenner og truleg har minne frå. Særleg The Beatles, men også Rolling Stones har laga og framførte mange vakre balladar i tillegg til sin fartsfylte pop og rock. Duoen vil framføre nokre av balladane og binde det heile saman med foredrag om artistane og songane.
Tor Olav Sønnervik og Svein Olav Steindal er pensjonerte lærarar, no aktive, glade trubadurar skriv dei om seg sjølv. At dei er aktive ser me då dei ofte er underhaldarar på andre senioruniversitet, kulturkafear og andre tilstelningar. Mellom anna har dei framført «Bob Dylan på norsk». Kanskje nokon hugsar juleavslutninga til Sunnhordland Senioruniversitet 7.desember 2018 då dei gledde oss med «Leonard Cohens liv og musikk.»
Dette ser me fram til og trur det vil bli ei fin stund som me, tradisjonen tru, avsluttar med julegraut til alle.
Velkommen til Bømlo kulturhus på tysdag, skriv senioruniversitetet på nettstaden sin.