Rart kor denne seljebusken i Øvre Borggata har fått lov å ta seg til rette, med og utan lauv. Nett no strittar bladlause greiner over om lag halvparten av fortauet, og når snø ligg over andre halvparten – vert gåande pressa ut i den måka gata. Slikt blir det trafikkfarlege situasjonar av – heilt unødvendige situasjonar. Eit par minutt med greinsaks – og faren er over. Kven tek utfordringa?