Stordkoret i storform

Stordkoret har aldri vore betre enn dei var under konserten i Stord kyrkje laurdag kveld.. (Foto: Steinar Hystad)

– Det beste me har høyrt frå Stordkoret? Spørsmålet vart stilt i rekka av nøgde publikumarar på veg ut av Stord kyrkje i kveldinga laurdag. Og svaret vart eit klart JA.

Så mykje vellyd frå koristane, sopransolist Ingjerd Kannelønning Kolstad og pianist/organist Noah Wibe og ein strykekvartett – at ein blei fanga i ei herleg julemusikkboble.  Så var då også konserten «In dulci jubilo» ei musikalsk juleforteljing – med repertoar i fin blanding av  kjende og litt mindre kjende musikkstykke, som på kvar sine vis speglar høgtida me går i møte.  Frå starten med «Jeg synger julekvad», via m.a. «Mitt hjerte alltid vanker» og «Himlen i min famn», «Jul, jul strålende jul», til ei mektig avslutting med  to stykke, «For unto us a child is born» og «Hallelujah» frå Händels  «Messisas».

Då siste tone tagna, reiste publikum seg spontant og takka songarar, dirigent Liv Kari Bru og musikarar med sterk applaus – for den god opplevinga.