XL bygg Valvatne og Sagvåg skule fekk Miljøfyrtårnsertifikat

Kaia Gravdal og rektor Lars Bakka tok i mot diplom på vegen av Sagvåg skule. Foto: Siren Eldøy Hinderaker.

I kommunestyret i dag, 30.11.23, fekk XL bygg Valvatne og Sagvåg skule overrekt Miljøfyrtårnsertifikat av ordførar Sigbjørn Framnes.

Miljøfyrtårnsertifisering inneber at verksemdene har ein miljøstandard og rutinar som er i samsvar med krava. Verksemda kan dermed dokumentera at strenge krav innan tema som: 

– arbeidsmiljø
– innkjøp
– energi
– transport
– avfall
– utslepp
– estetikk

Frå XL bygg Valvatne tok (frå høgre i biletet) Thomas Hellberg, Audun Brekke, Marius Mæland og Reinert Horneland imot diplomet. Frå Sagvåg skule tok rektor Lars Bakka og elev Kaia Gravdal imot diplomet.

(Merk: Saka er henta i si heilskap frå Stord kommune sine heimesider etter avtale.)

Ordførar Sigbjørn Framens delte ut blomst og diplom til XL bygg Valvatna ved Reinert Horneland, Marius Mæland, Audun Brekke og Thomas Hellberg. Foto: Siren Eldøy Hinderaker.

Om sertifisering
Miljøfyrtårn er ei sertifiseringsordning drive av stiftinga Miljøfyrtårn. Målet er at verksemdene skal drive lønsamt og miljøvenleg. Ordninga vert støtta og anbefalt av Miljøverndepartementet.  

Vil du vita meir?
Vil du vite meir om miljøfyrtårn, eller kanskje di verksemd ynskjer sertifisering? Sjå meir informasjon om miljøfyrtårn og sertifisering på Stiftelsen Miljøfyrtårn (miljofyrtarn.no) eller ta kontakt med Stord kommune sin sertifisør Marlene Sørli på e-post: malsor@fitjar.kommune.no