Skal sleppa lura på kvar Lurane er

Førebels ingen tilvisingsskilt i innkøyringa til Lurane. (Foto: Steinar Hystad)

Har du ærend til ei adresse i Hamrane eller Fjellsmogehaugen i Sagvåg, er det greitt å finna fram via godt synlege tilvisingsskilt. Er målet ei adresse i Lurane-feltet i same området, krev det noko meir innsats å finna fram. Feltet manglar tilvisingsskilt i krysset rett bortom Nysæter ungdomsskule, eit sakn Lurane Vel har teke opp med kommunen. I Lurane  ønskjer dei skilting som skal visa rett veg for besøkande, og tryggare tilhøve med tanke på utrykkingskøyrety.

– Me kjenner ikkje til kvifor dykkar veg ikkje har skilt, men det er utbyggjar som normalt set opp naudsynte skilt for nye byggeområde. Behov for adressenamnskilt for Lurane er no lagt inn i arbeidslista til drifta, går det fram av svaret frå driftsleiar Anne Randi Naurstad i Stord kommune.