Så var me endeleg komne fram til helga med søndagen for tenning av første adventlyset 2023. Og då er det berre tre småtravle veker til me kan tenna det fjerde lyset – på sjølvaste julaftan. Rart korleis det lagar seg i denne kalenderen…
Nokre ordtak frå Ola Høyland si samling i bygdeboka (av 1972) kan vera greie å ta med på juleferda:
– Da e ingen so forspøre seg, sa guten, han va’ på frieri.
– Ein tufs kan spørja meir enn ti vise kan svara
– Hu styre bå’ stakkjen og brokjo. (om ei kona som er råderiken i heimen)
– Da er enten svengjen elden sprengjen (det er ikkje måte med det, ein får anten for mykje eller for lite)
– Eg e’ vane me’ da, sa ma’n, da gjekk på tap.
Så nokre ord som var på veg ut av stordamålet alt for 50 år sidan:
– Børt = etter tur
– Byrting = lyn, verblink
– Byrting = lyn, verblink
– Deisa = detta, falla
– Didla = logra
– Dorma = halvsova, ikkje skikkeleg svevn, eller retteleg vaken.
God helg skal de alle ha.