Kvifor var det hjarte i døra?

Hjarte-holet er der for å sleppa lyset inn …

Laurdag er det open dag med juletradisjonar på menyen  i Sunnhordlands-tunet i Parken over Leirvik.  Skulle du  då vera mellom dei som undrar seg over hjarta i utedodøra, finn du tilhøyrande soge i denne artikkelen av tidlegare museumsstyrar Tore Lande Moe:

«Ein kan kanskje stille spørsmålet: Var det hjarte i døra? Då Sunnhordland Museum i 2003 flytta ein utedo opp i tunet, lurte ein på det, sidan den originale døra mangla. Ei sjekking i skrivne og munnlege kjelder gav ikkje medhald i at lysopninga skulle vera hjarteforma. Likevel assosierer truleg dei fleste ein do når  det er avbilda ein liten bygning med utskore hjarte, eller om dei på besøk hos framande ser eit keramikkhjarte på ei dør.  Berg og Ottosen har kalla si dohistorie «Med hjerte i døra».  På framsida er avbilda eit par på kva sitt hol på ein do, sett gjennom ein hjarteforma lysopning. Maleriet er  eit takmåleri frå Värmlands museum.  Hjartet er ein laga montasje til boka. Nokon fullstendig forklaring på dohjartet sitt opphav og utvikling, kan eg ikkje gje, men vil peika på nokre liner. 

I kva for land har det vore vanleg med hjarte i dodøra? Ein liten diskusjon på bloggen www.lonelyplanet.com gir svar at det er godt kjent i Skandinavia og Polen. Då er det truleg det same som gjeld for resten av Norden og Austersjølanda. Kor kjem så skikken frå? For nokre år sidan overnatta eg på eit herberge i ein landsby utanføre St.Etienne i Frankrike. Frå rommet såg er til baksida på eit lite  chateau med uthusbygningar. Desse hadde hjarte i døra. Nærare undersøkingar  synte at dei ikkje hadde dofunksjonar. Verten på mitt herberge sa at slike lysopningar var vanlege på uthus der det ikkje var behov for så mykje lys.

Utedoen har stått i Sunnhordlandstunet sidan 2003.

Bernt Orning bygde i 1648 eit «vandhuus» med to hjarte i døra. Det var truleg både den første utedoen og dei første  hjarteforma lysopningane på Stord. Utedoen vart ikkje med det same ein mote i lokalmiljøet og hjartet vart nok ikkje  «in» før i nyare tid. Hjarteforma er ikkje anna enn ein ekstra dekorert lysopning.

Sunnhordlendingar har ikkje vore kjende for å bruka ekstra dekor på noko som helst. I den ovanfor nemnde bloggen skriv ein svenske at hjå dei har det vore tradisjon å dekorera det meste. Sverige fekk tidleg på 1800-talet fransk konge, Carl Johan, og både språk og kultur vart influert av det franske. Det er kanskje litt frekt å postulere at svenske dohjarte har samanheng med overklassen si frankofile haldning. Men kanskje lysta til å dekorera det daglegdagse kan ha ein slik samanheng, og ingen ting er meir daglegdags enn dodøra.

Ein ser då liner frå kongehus, svenske adel og annan overklasse til byborgarar. Spreiinga har gått over grensa til  Noreg.  På bygda slo det aldri an. Ein informant frå Ølve i Kvinnherad skriv at den einaste hjarteforma lysopninga han kjende frå heimbygda, var hjå handelsmannen. Kona til handelsmanne var frå Bergen, så kanskje kom skikken derfrå. I somme av bygdene som  Eilert Sundt undersøkte, t.v. Lom, var skysstasjonane nokre av dei få plassane som hadde utedo.  For reisande var det greitt å sjå kor huset var. Såleis fekk hjarte ikkje berre ein lys- og luftingsfunksjon, men vart også eit skilt som fortalde om bruk. 

Dersom me seier at hjarteforma har vandra frå byen til landsbygda,er det logisk at ho følgde hyttestraumen. Og hyttedoen er vel den typiske hjarte-i-døra-doen»